Aeldre inviterer deg til å spandere ein time med eit tre. Sirkusartister, musikere og dansere
fletter seg rundt treet, og inviterer oss til å møte det med nye perspektiv. Nye minner blir
spunne i og rundt gamle. I tillegg til dei visuelle og auditive opplevelsane som tek plass
framfor oss, kan ein også tenke seg usynlege element, som fantasien eller tankane til
publikum som flyg med vinden og reiser rundt i scenerommet for å bli dansa og leika med.
Framsyninga etterlater publikum med ei kjensle av fortrolling, undring, og ein ny relasjon
med ein kjend plass.

Aeldre er et multidisiplinært steds-kreativt verk, der samtidsdans, samtidssirkus og
tradisjonsmusikk møtes for å hylle ett av naturens underverk - trærne.
Frå røtene gjennom stammen og opp til tretoppane tek Aeldre publikum med på ei reise som
bekreftar livet og dei mange fargerike årstidene. Alma, bøke treet og den store eika, er berre
nokre av dei ulike sceneromma til framsyninga. Aeldre legemliggjør historiene som har venta
på å bli fortalt av trea og alle dei som har delt disse stadane – fortid, notid og framtid.
Aeldre spelast for alle aldre og framhever element som rør alle dei som nokon gong har
kjent bark under fingrane, dansa med løv under greiner eller sett treet deira vokse over tid.

”Grønmose. Ei gigantisk bjørk ved inngangen til skogen. Vår løyndom, vår eigen tre-venn.
Store tjukke greine som strekker seg ut frå den mosedekte stammen. Greinene veks slik at
det er mogeleg å klatre opp om ein kan den rette teknikken, kvar ein kan sette foten og kvar
ein skal holde taket. Mi 20 år eldre kusine brukte det samme treet som leikeplass når ho
vaks opp, også mora mi som no er 70 år.”

Utøvarar og Skaparar:
Mira Leonard – Luftakrobat
Karoline Aamås – Luftakrobat
Daniel Jeremiah Persson – Danser / Koreograf
Ester Thunander – Musiker / Kompositør
Love Aamås Kjellsson – Musiker / Kompositør
Outside eye: Francesca Hyde, Sara Erlingsdotte

Takk til: Tank, Sianna Bruce, Simon Wiborn, Operose Workwear
Støtta av: The Swedish Arts Council, The Norwegian Arts Council, The Arts Council of
Skåne, Export Music Sweden, Music Norway, The Swedish Arts Grants Committee.

Kontakt:
Karoline Aamås
Mob: +46 736743549
Karaamaas@gmail.com

Annet: 
Teknisk informasjon
Spilles utendørs etter avtaleom sted.
Varighet: 30 minutter

 

Aeldre - skuleversjon:
I skuleversjonen av Aeldre har vi tilpassa framsyninga for å lettare turnere, 3 utøvarar og
lengd 30 min.

alle